Sideout - Ein volleyballpodkast! 🎧🏐
Sideout er ein podkast der volleyballspelarane Bjarne Nikolai Huus, Bendik Gabriel Huus og Lars Fredrik Tvinde er programleiarar. Karane ønskjer å dele kunnskap, erfaringar og tankar rundt volleyball ettersom dette er noko dei saknar. Det er dei forhåpentligvis ikkje aleine om. Med ulike tema og gjester får du volleyballunderhaldning rett i øyret.
Sideout - Ein volleyballpodkast! 🎧🏐
Sideout - Tankar om korleis vi kan trene effektivt
Vi pratar om våre tankar rundt treningsøkta i idrettane våre, og kva grep vi kan ta for å trene så effektivt som mogleg Heile redaksjonen er samla i vårt portugisiske studio, og dette temaet er noko vi stadig kjem til å vende tilbake til i det vi lagar.
Kvifor? Fordi vårt hovudmål i alt vi gjer, er å vere med på å skape utvikling i VB/SVB-Noreg. Lytt til nokre tankar frå oss, og reflekter vidare sjølv Og; kom gjerne med spørsmål, eller noko dokke ynskjer å utfordre oss på .