Sideout - Ein volleyballpodkast! 🎧🏐

Frå utfordrar til verdas beste - Korleis skjedde det, Anders? 🥇

Lars Fredrik, Bendik & Bjarne Season 4 Episode 3

Christian Sørum og Anders Mol, frå Noreg, har blitt tidenes beste herrelag i sandvolleyball (det er Sideout sin påstand). Men sjølv om ein no er på topp, så starta ikkje reisa der. Lars Fredrik har med seg Anders i studio for å prate om denne reisa, og kva eigenskapar som har vore viktige på vegen. Korleis har det vore å vere utfordrar, og korleis er det å vere verdas beste? Og ikkje minst; korleis er det å gå frå å vere jegaren, til å bli jakta på? 

God lytting!